07/25/2007

back in Australia

Hi!!

I

07/23/2006

bilder frå tur

 

julia og emma:medium_myanmar_thailand_29.juni-19.juli_2006_199.jpg          natur:medium_myanmar_thailand_29.juni-19.juli_2006_300.jpg

 

 

 

 

 

 

 

turist:                       medium_myanmar_thailand_29.juni-19.juli_2006_061.jpgfantastiske kollega:medium_myanmar_thailand_29.juni-19.juli_2006_266.jpg

 

 

 

 

 

barneheim:medium_myanmar_thailand_29.juni-19.juli_2006_322.jpg               mobilklinikk:medium_myanmar_thailand_29.juni-19.juli_2006_223.jpg

07/16/2006

tailand etter 1 1\2 dag

Tailand er slett ikkje verst, men eg haapar morgondagen set tailandarane og turistane her i eit litt betre lys! I natt sov me midt mellom haugevis av "go-go"bars og skriveriar om at vaare jenter kan gjere alt det du droymer om. det var i pattaya, og me har ikkje bedt om noko ekstra kvinnfolk-besoek, saa me klarte oss med ei natt der! no er me paa ei oy der det visst nok er herlege strender. snart heime i norge!

07/10/2006

Mingalaba!!

No er det slutt paa 4 fantastiske dagar lenger nord i Myanmar. Me reiste opp eit team paa 6 stk paa torsdag! Eg la mi tvil i at d kom til aa bli saa mykje feriepreg paa turen med besoek paa 5 barneheimar i programmet, slik mine to "kollega" mammo og sann ming snakka om, men sanneleg min hatt! me fekk utruleg mykje ut av dagane, og eg kosa meg utruleg mykje! ungane me moette (110 tilsaman) var ikkkje vanskeleg aa bli gla i, og det var utruleg kjekt aa leika med dei, leare litt burmisisk, synga, spela fotball og hjelpe til paa mobilklinikken med veging, telje vitamintablettar og fungere som doervakt!!

eg maa seie at dette folket fasinerar meg. nesten alle menn gaar med lonji, ein slags sarong (skjoert med andre ord), dei er litt typisk asiatiske i det at dei ikkje skal miste ansikt, og eg faar aldri bere bagasjen min sjoelv! men det er ikkje saa mykje turisme her, og det viser seg i korleis folk ser paa deg. nesten alle smiler, vinkar og seier hallo. eller saa veit dei aa utnytte oss naar me foers er i landet. Nesten alle ting har ein innbyggarpris og ein utlendingpris, slik som fly, hotellopphald og turistattraksjonar.

ellers er burma eit utrule fredeleg land sett med turistauger. ein merkar at det er overvaaking og litt kaos i systemet gjennom alle registreringane ei maa gjennom og at straumen blir tatt bort til uregelmessig tid kvar dag, at ein maa er dette eit behageleg land aa vere i.

Alt bortsett fraa bilane er sinnsjukt billig her. me kan feks ut aa ete 6 personar for 60-70 kroner tilsaman, og eg kjoepte meg slippersa til 5 kroner i gaar. men det er ikkje lett med denne militearjuntaen aa importere bilar, saa dei faa som er saa heldig aa ha raad til ein bil, koeyrer rundt i bilar fraa 1970 talet eller tidlegare. det er og mykje tyske lastebilar fraa krigen her. og no paa turen opp i mandalay (gamal hovudstad lenger nord) og i fjellomraadet 2 timar utanfor i Myo Mayo ? var det ein fantastisk  naar silje og oddvar maa registrere at me er paa besoek, og  

 

 

07/01/2006

Adresse Myanmar

Ja, no har eg vore to daga i Myanmar (det offesielle namnet for Burma). Etter 1 ½ doegn paa reisefot bar det rett paa barneheimsbesoek saman med Oddvar og legeteamet. Det er Oddvar og Silje Husum me er paa besoek av her nede, samt dei skjoenne ungane deira, Emma 2, og Julia 4. Oddvar har vore med aa etablere eit team som besoeker barneheimane rundt Yangon og tilbyr helsesjekk og behandling av barna. Teamet bestaar av tannlege, lege, sjukepleiar og diverse hjelpepleiarar/ sosialarbeidarar. Det var ei stor oppleving aa faa vere med, og baade eg og Johanne fekk bedra litt. Det er ikkje vanskeleg aa sjaa kor mykje dette arbeidet betyr for heimane!! Bortsett fraa dei foerste timane I det nye landet, har opphaldet til no vore veldig avslappande. Me jentene (silje og julia, meg og johanne) har vore paa beauty salong og fiksa neglene vaare, eg har sett tyskland- argentina, og me har besoekt den stoerste pagoden I verda!! I dag skal me I basseng…. Einaste problemet her er straumbrot, og at det ikkje er tilgang til hotmail! Neste veke skal eg og Johanne vere med teamet paa outreach nord I landet. Daa skal me besoeke fleire barneheimar om dagen. Gledar meg!!!

06/24/2006

sommer, d er d vi vil ha! sommer, d er d som er bra!

Å så blei d sommarferie i år og!! D er lenge sidan eg har hatt så stort behov for ein ferie, og i år skal eg nyte kvart minutt!!! D har gått ei veke av den dyrebare ferietida allereie, og eg har hatt besøk av to interrailarar frå Canada, Chad, som eg kjenner frå UiO-basen i Brisbane, og kameraten Mark. Me har ”opplevd” Bergen og Sognefjorden saman med Marit, og eg tok dei med til Fjærland, Sogndalsdalen og Anestølen! Me hadde d kjempemoro i saman!!!

april_mai_juni_017.jpg

Onsdags morgon ber det av garde med fly til Myanmar (Burma) for eit tre vekers opphald saman med familien Husum. eg og Johanne håpar me får vere med å hjelpe til litt i arbeidet blandt barneheimsbarna i Yangoon, og at me kan vere til oppmuntring for gode vener. Eg tykkjer alltid det er spanande med ein ny kultur, så dette gledar me oss mykje til! Dersom det er moglegheitar for det kjem d oppdateringar på bloggen!!!  

slutt på to år med ei fantastisk cellegruppe!

det blei ein litt trist slutt på sommaravslutninga til cellegruppa vår i år. til hausten eksisterar me ikkje meir, og med slikt eit godt samhold, mange kjekke tysdagar i saman og fantastiske turar til land og strand blir det eit stort sakn til hausten. men ei cellegruppe ska no eigentleg ikkje vare evig heller... Her er den flotte gjengen samla til eit siste cellegruppe-bilete:

medium_april_mai_juni_159.jpg
  

03/26/2006

Sol-skin på meg!

ja, verden smiler til meg i ny og ne for tida, og det er veldig kjekt!! har gjort masse kjekt i det siste, med kjekke folk, spesielt ein veldig bra gut frå stord:)  

medium_sol.jpg

eg har og lurt på om det er nokon som har statestikk over kor mange soldagar det har vore desse to siste månadane??????!!! Er det nokon som kan seie meg det?? No i dag har forresten Bergen blitt seg sjølv igjen :(

 

 

.....

forrige helg var det tur med frekvens til Kvamskogen, og det var mykje bra som skjedde der, samt kjekke folk å vere med! her ser du blant anna transvesitten Conrad som tok rollen sin heilt ut med å barbere leggane!   

medium_frekvenstur_17-19.mars_025.jpg

03/14/2006

haisann!

ja, ja. slik e d når ein er litt travel og ein ikkje har internett tilgjengeleg heime! då blir bloggen nedprioritert. Og beklagar til alle dei som syns d var ei dårleg prioritering, for nei, det syns eg ikkje, data er ikkje 1. pri, viktige Karine har viktigare ting å gjera innimellom! Men d e kjekt å blogga litt, og i staden for å gå i detalja på kva eg har gjort sia sist eg blogga, så hoppar eg fram til i helga! For då var eg på klassetur t Voss!!! D va kjekt, sosialt, og knall fint vær!!

 
og Elisabeth blei 22 år på laurdag. då hadde Heidi laga kjempegoe sjokoladekake!!

01/26/2006

gratulera mamma!!

på mandag vart mamma 50 år! gratulera so mykje!! du e fremdeles veldig sprek, mamma!! som her i sommar, på fjellgardtur i fortun!

det kvein i svingane!!!

I går va eg på gokart med 4 gutta som eg kjenner frå sogndal. d va kjempemoro!!! men eg må vel innrømme at eg va den med mest kjerringkøyring, ikkje at d var uforventa..... eg måtte "kapitulere" to ganger- d vil seie at eg måtte få hjelp frå ein mann til å dytte meg rett veg etter sladdane mine, og d var litt flaut. Eg hadde færrast rundar på dei fattigsle 9 minuttane me køyrte, men eg er litt fornøgd med at eg ikkje kom sist på beste rundetid..... I'll be back, ogdå skal eg vise dei gutta at eg kan køyre fort!!:)  

01/17/2006

ny bildeblogg

no har eg fått bittelitt bilder på bildebloggen min.. ikkje mykje å skryte av enda, men den ska bli bra! ta gjerne ein kikk! adressa til den er til venstre under "about me", har og linka den nederst på link-lista 

01/15/2006

I dag er det søndag!

I dag er avslappingsdagen, søndag!! Det er faktisk min favorittdag! På søndag prøver eg å unngå alle dei faktorane som gjer meg stressa i kvardagen; som å sluke i meg brødskiva før eg skundar meg til skulen, og alle planane som eg alltid føler eg må ha kvar dag. Dette er dagen for refleksjon og sport på tv, ei god bok, gudsteneste og tid med Gud!! I dag har eg, Turid og venninna hennas, Mari, hatt ein lang frukost, og no e d skiskying og hopp!! Heilt fantastisk! 

 

Og i går då var faktisk eg og Øystein på bystasjon å ba for sjuke folk me møtte. Var ikkje d litt spacea? Me trur at Gud kan helbrede folk, så kvifor ikkje?? Fekk mange kjekke samtalar med mennesker me møtte, og me har bestemt oss for at dette skal gjentakast!:)

 

01/14/2006

ungane tek av!

Fredag var eg, Kristine, Marie og Elisabeth frå klassen og Silvia som er vår kjære x-klassenvenninne på vannkanten å bada! Me måtte nesten bruke gratisbilletten me fekk etter innsats på guienessrekord i november, og det angra me ikkje på!! Eg blir som barnet når det gjeld ting som gir adrenalinkikk og fast og spenning, og eg blir positivt overraska av dei få skliene dei hadde å tilby i badelandet! D blei skrik og hyl og konkurranseinstinkt, og mykje moro! Ja, d var arti, men "olden relax" avdelinga var ikkje så mykje å skryte av, skjølvom litt stimbad ikkje var å forrakte d heller!  

01/05/2006

etterlengta

det er fint når ein får litt pengar til jul. då kan ein ta seg råd til å kjøpe ting ein har ønskja seg lenge. i dag var eg, Iris, Marte og deira venninne Henriette på Ikea, og eg, eg kom ut igjen med ei stoveplante! har allereie stor kjærleik for denne planta. den heite visst kantioracaena, eg har ønska meg slik lenge!!!!

 

plante, plante, du min venn

no skal me kose oss

ja, det blir fest igjen.

 du gir o2, eg gir vann

vi spriter opp kvardagen littegrann!! 

back to normal

no e d på tide å ta vekk julepreget på sia mi, ja... jula den gikk fort den, som vanlig, og her sit eg, i schweigaardsvei igjen. masse pensum, tidle opp og snart må eg fåmeg litt mosjon... No drøymer eg om påske og helg!!!

12/24/2005

GOD JUL!

George Bush skriv no ut julekort der det står "happy holiday" i staden for "merry christmas". Dette har eg høyrt er grunna at han må unngå diskriminering av dei som ikkje er kristne i usa, og sidan chrismas blir som "kristmesse" på norsk, så blir dette for kristent. Og her i Noreg har mange skular slutta med å gå på julegudsteneste. Dette er slikt som gjer meg veldig trist! Ja, for skal ikkje det kome fram at me feirar Jesu fødsel når det er jul??

Mitt budsap no i jula er kort: GLØYM IKKJE JESUS!!!! og Juleevangeliet! Er det noko som høyrer jula til, så må det no vere det!!!  

GOD JUL!

12/23/2005

feller gjer susen!!

I går hadde eg min første tur med nye ski. Eg, Håvard og naboen Idar labba oppover Gunvordalen. Målet var Blåfjellet eller Synnivaskjær trur eg, men eg måtte kaste in handkledet etter ca halvgått løp..... Fellene mine sat ikkje på, og eg har no og funne ut at det lønar seg å ha feller som dekkar meir enn 1/4 av skia!! Utan skikkeleg feller går det ikkje å kome seg opp der med ski på beina. Eg prøvde å labbe meg oppover på beina, men det var smaklaust! Men eg kom meg opp til den første pudder-enga, og det var heeeeeeeerrrrrrrrlllleeg å få nokre meter der før eg havna inne i krattskogen igjen! Skia mine hadde no fått sin første tur, og eg ser fram til meir bruk seinare i juleferien! Men første må eg kome meg at i armar og bein etter anstrengelsen!!

 

12/19/2005

sanneleg, sanneleg seier eg dykk, det er julferie!

ja, no skal eg jammen skifte farge på sida mi, for no har eg fortjent ei raud side føle eg. Ein farge som symboliserar juleferie, kaker, god mat, snø, ro og fred, hygge og kos, ski og jesusbarnet i krybba. På fredag leverte eg inn forprøven i fysioterapi. Då hadde eg sitte i rundt 24 timar å skrive på heimeoppgåve om anatomi, fysiologi og fysioterapeutisk undersøking, og var ganske fornøgd.... Etter å ha sagt god jul til dei fleste av venene mine som ikkje e frå sogn, bar det heim. No har eg vore heime i to daga, og stemninga e god! i dag besøkte eg bestemor, i går var det julekonsert og skigåing, og laurdagskvelden var det julebord på Lyngmo. Dette ser ut til å bli ein bra juleferie!!!  

12/13/2005

Blodig pris!!

ja, i går var eg til tannlegen. to hol og litt finpussing kosta meg masssssse pengar. det er jammen dyrt å gå til tannlege!!! Og eg som e ein fattig student. over 6000 kr har tannlegerekningen min kome på i haust, og det utan at eg drikk bruseingang!! eg har ikkje såååå stygge tenner altså! eller syns d d??

Juleforbredelsane e i gang!!

ja, no e eg verkeleg i gang med juleforbredelsane!! frao søndag til mandag var Sissel på besøk, og huset, med Iris i spissen foreslo at me skulle bake pepperkaker. Dette blei godt mottatt, og me satte i gang søndagskvelden kl elleve! Flotte pepperkaker blei det!!

I går, etter tre harde timar med lesing, tok eg turen til Sagavoll-hobbyklubbe-kvleden hjå Karoline. Der var det drops og julekort som stod på programmet. Ska sei!! Eg kjøpte og min første julepresang i går, og i dag blei det endeleg lilla lys i adventsstaken!!! God førjul, folkens!!   

Velkommen i bloggeklubben, Sissel!!

Sissel e her i ferd med å få seg ein blogg! er ikkje d kjekt?!!! Jo, d e kjempekjekt, no kan me følja med i Sissel sitt etablerte liv, og! Velkommen inn i bloggevarmen, Sissel!!

12/08/2005

ønskjeliste

ja, no nærma d seg jul, og eg har tenkt litt på ke eg ønskje meg t jul. Her kjem ei lita oversikt:

Ynskjeliste jula 2005

1. strykejarn

2. breitt einsfarga panneband

3. skihandskar
4. lue sånn liknande den iris har
5. bøker: ”lyden av shofar”,francine rivers, ”drømmen om narnia”, cs. lewis
6. bilder osv av mine gode venner!
7. Nye bibel, nynorsk versjon liten,
8. Studiebibel…
9. Engelsk-norsk ordbok
10. Nynorsk ordbok
11. Heimalaga ting
12. Hekla sjal!!!
13. Store smykker, ringar, øyredobbar
14. Skulderveske
15. Belte – sånn breitt, fletta- brunt el svart!
16. Gensarar; gjerne brune, gule el svarte
17. Søtt undertøy…J
18. Varme ullsokkar type ulvang el trysil…el vanlege sokkar, morsomme sokkar…
19. Stor golvplante
20. Album m svarte, blanke ark (gjere sånn dei har på clas olson)
21. microbølgeovn
22. vannkokar
23. handmiksar

24. nytt brettspell!

25. Uno

26. middagstallerknar, askjettar 

Ja, dette er noko av det eg kom på kunne bli kjekt å få til jul.  Og dette er ikkje ei rangering  etter kva eg ønskjer mest og minst!

så, alle som føler kallet, eg gledar meg til å sjå resultatet :)

11/28/2005

Julemat som fastfood??

No har eg eit dilemma som eg har 5 dagar på å finne ut av og DU må hjelpe meg! No i helga jobba eg to dagar på legenes hus, og begge dagane var det minst eit julebord med pinnekjøt, ribbe og tilbehør. Og når me som jobbar der blir svoltne, så sluker me i oss ein matbit! Begge desse dagane eg jobba hadde eg mogelegheit til å ete noko anna enn julematen, men det er jo sikkeleg godt med ribbe, pinnekjøt, kålrabistappe, raudkål mm. ja, så litt julemiddag gikk ned på høgkant....i eit raskt tempo. Og, ja, kom til saken, Karine. Den kjem no; er det galt å sluke i seg julemat før jul?????? er det galt å maule ribbe og pinnekjøt?? Følte nesten det, eg altså. Men kva syns du?? Er eg ein syndar mot julekosen??  

Advent!!

no e da adventstid, og her i huset hang me opp julestjerne, satte fram den sjuarma lysestaken, og tente det første lyset på adventsstaken i går ettermiddag! i denne anledning har eg og skifta til adventsfarge på sia mi! snart blir den raud......:)

11/18/2005

Vinter i byn?

ja, på onsdag snødde det i byn, og på min rute..... og den ligg der enno, berre sjå:

Vinter i byn

Eg har mitt første overnattingsbesøk denne helga. Min kjære bror, Torbjørn, er på besøk!!!

I dag såg eg og Turid vår x-medstudent på ikf, Idun, og bandet hennar, "shoot the dog", med musikkvideoen t sangen "in løv with you" på swisj- urørt på NRK 2. den e skambra, både sangen og videoen. Du kan lese om bandet og høyre sangen på urørt si heimesie.

idun og bandet på tven vår:

årsfest med nymark and goodbye

ja, på laurdag va d årsfest for Nymark sitt herre- og damelag. På landås grendahus var det landskamp på storskjerm, koldtbord og utdeling av prisar. Camilla fekk prisen for årets beste spelar, kåra av spelarane sjølve. Cathrine S var årets storscorar og Linn fekk prisen som mest framgangsrike spelar. ......kvelden gjekk, og me hadde til tider mykje moro med våre eigne små påfunn!!

 

 

 

Dette er kanskje siste gang eg er med denne gjengen samla som eit fotballag. No har eg nemleg plana om å gjera nåke eg alder har gjort før; legga opp som fotballspelar!

11/14/2005

Nytt frå meg!!

Fekk klar beskjed frå Iris om at NO var det på tide at eg blogga noko snart... og så tenkte eg; ke ska eg blogga da?? Iris meinte eg skulle bjynna med at eg har fått meg nye jobb. Ja, for no e d faktisk moglegheitar for at d kan komma peng inn på kontoen min! tendensen har vore at det berre har gått nedover med økonomien, men eg ska no klare å ro i land pengar til julepresangar!! Den nye stillinga mi er som servitør på Legenes Hus. Eg har føreløbig berre hatt ein dag på jobb, men d ska no bli nokre til før eg tek juleferie. her har Iris teke eit knakande flott bilete av meg i min nye uniform!   Ja, så sånn e d!!

men eg har faktisk andre ting eg skulle ha blogga i dag og! Det er jo historisk mykje nedbør i dag, og eg hadde tankar om å ta ein bildesession av dette oppstyret. men det blei med tanken. kanskje i måro???

Ellers så har eg vore på Krik trening for første gang i haust, i dag. Eg og Marie, ei i klassen sykla ut t Lehmkulhallen for ei økt med litt variert ballspel. Må seie at sykkelturen var meir trening enn treninga i seg sjøl, men moro å spela litt volleyball og innefotball igjen!!

Men no kjem eg altså til dagens store HAPPENING, VM I BADING!!!!  Frivillege frå klassen tok turen til Vannkanten klokka ti i dagtidle. Så var det om å gjere å stappe 500 stk oppi bassenget å ha felles aerobikk. Va greit nok det, og no har eg mogelegheita til å komme i guinnes rekordbok (fekk ikkje det ordet til å sjå rett ut....)!! Og DET BESTE AV ALT: Det var loddtrekning etterpå, og eg vann 5000 kr i reisegåvekort!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Halleluja!!

sjå nærmare på sida til Vannkanten

 

 

Og her kjem vitnesbyrdet mitt: I går var eg og Iris på gudsteneste i "Kristent fellesskap". Då det skulle vere kollekt delte talaren, Morten, med oss at han hadde nettopp opplevd å bli velsigna av Gud etter at han hadde "planta" pengar i kollekt. Det stårein plass i Biblene at Gud velsignar tilbake med hundre foll av det du gir......(tilgi meg viss dette er feil, eg har desverre ikkje slått d opp). Eg tenkte  at no skullle eg og verkeleg planta dei pengane eg gav, så fekk me sjå kva Gud gjorde med dei. Det eg hadde i lommeboka var 50 kroner, så det "planta eg i kollektskåla". Utan så veldig store forhåpningar om at noko skulle skje, å gi er jo fint uansett!! Men i dag så fekk eg altså 5000 kroner ut av ingenting. Akkurat hundre foll (viss eg har forstått det med hundre foll rett då...) meir enn det eg gav i går!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Amen til det!! slava boga!! (pris Gud på russisk)

10/10/2005

NYMARK i 2.div!!!

ja, taink. me spelte kamp mot førde  i jaor. Og vann 4-0!!!! so dao e da 2.divisjon t neste aor!!!!!

bra match jenter!!!!

Du kan lesa meir om dan fantastike innsatsen vaor pao Nymark sine heimeside!!!!

No ska da bli godt å gjera nåke anna framøve faktisk!!

10/05/2005

IRIS!!!!

IRIS HAR BURSDAG I DAG. GRATTIS IRIS!!!!

Linselus

ja, tenk at eg var i Rogaland Avis i helga! på laurdagskvelden blei eg, Kari og Randi, stoppa av ein journalist og ein fotograf på gata i Stavanger. Dei såg nok at me var tre veldig lure jenter med meiningar om mangt! Denne gongen ville dei vita kva me syns om drosjesjåførar; er det tryggast med kvinnelege eller mennlege sjåførar for oss unge vakre jenter??? Eg må ærleg innrømma at eg sit veldig lite i drosje, d må i tilfelle vera i Tom køyrer oss rundt i minibussen/maxitaxien sin til Vestlandhallen eller feks turar til Stavanger.... På grunn av min vesle drosjeerfaring og med Tom'en ved sida av under intervjuet valgte eg å ikkje uttykke meg i særleg grad, men stort og fint bilete fekk mei avisa likevel!!!!  Må vel få med at dette var i samanheng med at Nymark var i Stavanger for å spele kvalikk-kamp mot Sola. Me tapte desverre 3-0, men skal spele mot Førde til helga, og vinn me då, er sjansen stor for at me rykk opp t 2. divisjon. 

09/25/2005

Nymark klare for kvalikk!!!

på torsdag spelte me kampen som skulle avgjere om me kunne .......oss til kvalifisering t 2.div eller om me måtte slite for det. med tre poeng forsprang på Åsane gikk me utpå bana med innstilling om blodig revansj mot tapet i vår og eit ønske om å sleppe å "stresse" med å vinne pulja. med to raude og fire (eller fem) gule kort fordelt på begge laga blei det ein blodig kamp, og revansj blei det og tilslutt etter at me klarte å hale i land 1-0 siger etter at Kari scora i slutten av 1. omgang! med eit forsprang på 6 poeng framfor siste kamp, som skal spelast i morgon, kunne me sleppa jubelen laus og ta oss ein liten feiring på byen etter kampen!!!! neste helg dreg me til Stavanger og skal spele 1. kvalikkamp mot Sola. etter det gjenstår ein kamp mot vinnaren av sogn og fjordane pulja. spennande!! Eg spelte venstre back denne gongen, og kan definerast som lagets pota!  

I kveld har eg vore på charlie og sjokoladefabrikken, og den er å anbefale. det er ikkje vanskeleg å gjenkjenne at dette er ein roald dahl-film! dei som fortena det får svi, og fattigguten med gode verdiar i livet får "prinsessa og halve kongeriket".

Jajamensann

ja, her ein dag så sat eg å leste litt i bibelen, og då kom eg over desse bibelversa som eg berre måtte dele med blog-lesarane mine (om d er nokon...)

"For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noko makt, korkje det som er i det høge eller det som er i det djupe, eller noko anna skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre."

dette er det då Paulus som skriv til romarane i vers 8:28-29

ja, ekje d bra greier?? det syns no eg. ingenting kan skilja meg frå Guds kjærleik!!!! amen

09/19/2005

Brann- start

ja, da e ikkje lett å bu i kollektiv. ein blir påverka! og etter å ha høyrt startsangen fleire gonger for dagen sidan eg kom til bergen førte d no til at eg satt på starttribuna og heia på taparlaget i dagens oppgjere på Stadion. Heia start, ååå, heia heia start.....nei d hjalp ikkje denne gongen, men noko må eg jo prøve å gjere for å unngå at vif tek sigeren i årets tippeliga!!! dette er heimens mest ihuga start-fan, turid frå vennesla!!

09/17/2005

Bommert

etter to daga med flott vær ser d no ut som at d regna ute. eg har vore med å tapt kamp i dag, blæææææææææ. 0-1 motFAna. og me som skal vinne serien...........heia nymark!!!

09/14/2005

Schweigaardsvei 1e

Ja, her i schweigaardsvei går det som det kvin i svingane. Me har det kjempekjekt ilag, og både innflytningsfest og valvake blei ein suksess!!! Ein tur på vidda med Turid og Kai Egil kan katigoriserast til første klasse. Alt dette går det an å lese om på Turid og Iris sine blogga!!!

Me har funne ut at me har mange gode naboar rundt oss. Eg har både folkehøgskulefolk, venner frå Kristkirken og gamle klassekameratar frå idresslinja i Sogndal i same gata!! Studia går som det susar. I dag har eg hatt anatomitest, og neste veke ber det ut i praksis! Då skal eg bl.a vere to dagar på Os. I helga var eg heime på sauesanking, og me fekk ned 120 sauer på to dagar. Eine dagen var det skikkeleg haust/vinter i fjella, men sn ned til 600 meter og regn og 1-2 grader. Eg angra skikkeleg på at eg ikkje tok med vottane. Dagen etter var det plutseleg sol og varmt, ein heilt fantastisk dag som eg var så heldig å få tilbringe i fjellet!!!

Frå sauesanket: på veg heim med sauene, sauene i lia over Anestølen og reisefølgjet mitt; idar, per sigve og pappa.

Den nye fysioterapeuten

på onsdag kjøpte eg sjølve symbolet på at eg e på veg mot ei karriere innan helsevesenet! den nye ferdigheitsdrakta som eg skal bruke i ferdigheitsrommet medan eg føler meg fram på kroppen til mine medelevar har lyseblå overdel og marineblå bukse. passar bra, eller???

Touch of the pacific

dette er det første innlegget i min nye blogg-kategori; oppskrifter. dette er eit forsøk på å vise mi husmorslege side, og det kjem nok maaaaaaange innlegg i denne kategorien etter kvart!!

SOLOMON TUNA m/Kokosnøttris 

her er den fantastiske retten som eg blei introdusert til i forbindelse med mine 6 veker på Solomon Øyane i mai/juni i fjor. Hadde dette måltidet til middag eller lunch minst 35 gonger i løpet av opphaldet, og det er enkelt og kjempegodt, sjølv om kanskje ikkje bileta fristar for mykje. Nam nam, ein av mine favorittar!!!

Ingrediensar: ein pakke nudlar, ein boks tunfisk i karri (helst solomon tuna, men går greit med rimi sin og!), 2 dl ris, ein boks kokosnøttmjølk, litt grøn salat av eit slag.

framgangsmåten e veldig grei: kok risen med kokosnøttmjølk til den har ein fast og mjuk konsistens. kok opp nudlane og tilsett tunfisk og litt grøn salat. smak til med chilipepper. FAntastisk. God apetitt!!!

09/07/2005

Til ære for tante Aslaug

kjære tante aslaug, dette e eit innlegg til ære for deg!!! eg har ikkje gløymt din etterspørnad etter eit innlegg om Fjærland! I sommar gjekk eg og venninna mi, Guro Kristin, frå Anestølen i Sogndalsdalen til Horpedalen i Fjærland, med andre ord frå den eine slektsrota til den andre! Dette var ein kjempeflott og solrik juli-dag, og det vart ein fantastisk tur!:) Den som tok i mot oss i Fjærland var ingen ringare enn mi kjære tante Aslaug, og her kjem bilete ditt over fjærland og den flotte garden eg ættar til!!  her er då frå venstre; utsikt over Fjærland, til høgre; utmarka og dei flotte fjella bak gården til min onkel Olav, som enno er ungkar. nedanfor er det bilete avhuset der mamma og Aslaug vaks opp.

 

Fakta om Fjærland:

  • det bur ca 300 i denne bygda som no er ein del av Sogndal kommune 
  • alt frå vikingtida har det vore busetnad i Fjærland
  • dei har bremuseum og bokby, kyrkje, hotell, campingplass, bensinstasjon og butikk. med andre ord ALT du kan drøyme om!
  • det har lenge vore overvekt av ungkarar i denne bygda, men denne tendensen er i ferd med å snu! 

les gjerne meir om Fjærland på http://www.bre.museum.no/infono.html

08/31/2005

Innflyttingsfest

me hadde på laurdag ope hus i schweigaardsvei 1e med berre spesielt inviterte ... d va kjekt d!!! meir om dette kan ein sjekke opp på iris si bloggeside

Mine land

ja ja,dette e dei landa eg ha vore i, ja, det er ikkje all verden.....he he. 

08/24/2005

Søte små

Hadde berre så lyst å legge eit bilde inn på bloggen min. e så lenge sia eg ha gjort d. men eg hadde ikkje so mange tilgjengeleg her på pc-laben på skulen, men valet fall på dette biletet som gir meg så mange gode minner dei seks vekene eg tilbragte på solomon øyane (skrivest eigentle annleis på norsk, men eg ha ikkje lært meg den måten...). nei, det bildet var visst for stort.... ¨då blir dette dagens ansikt...........................: dette er kelly sue, ei amerikansk venninne frå dtsen, som var på besøk i Norge for nokre veker sidan!

ellers så er alle som vil velkomne på innflyttingsfest i Schweigaardsvei 1e på laurdag kl åtte!!!!!!!!!!

08/18/2005

Haust og nytt studie

ja, no e hausten her, det e lett å merke når ein kjem til Bergen og det pøsar ned...... og sommarkleda som eg tok med meg i god tru, kunne eg like godt sendt heim med første sogneekspressbuss! men men. det er no litt spennande no og, med nye studiar og studiekameratar og ny plass og bu!

sommaren har vore hektisk, med mykje jobbing, men eg har unnått stress og jag-så sommarferie har det vore likevel! det har vore lite blogging, og det er det to hovudårsakar til: 1.treig data, 2. hatt andre ting å gjere på! jess, men no kjem eg tilbake med full update (kanskje.....)

I dag har eg hatt min første dag på fysioterapi i møllendalsvegen. bortsett frå at alle tredjeklasseelevane vrengte av seg kleda i hyllest til fysioterapien og som ein velkomst til oss nye, så har det vore ein helit normal info-dag for nye studentar til hib vil eg tippe!

ellers så har eg og flytta på meg sidan i vår. Eg bur no saman med Turid, Iris og Marit i Schweigaardsvei 1e på Minde! Der e alle som skulle ha interesse av det velkomne ka tid som helst, så lenge døra ikkje er låst.....

Mi nye adresse er altso: Karine Selseng, Schweigaardsvei 1e, 5063 Bergen.

så no er det ingen årsak for å ikkje skriva brev og kort t meg!!!! eller sende pakke for den slags skyld!

no skal eg snart på rebusløp i byen, grilling og maria solheim-konsert, så

bye bye, take care

07/14/2005

Surfin' stad!

 

ja, no har eg faktisk surfa for første gong! etter 6 tørre månadar i Australia og omegn skulle det bli Stad som vart redninga! eg og Ann Kristin køyrde oppover søndags morgon etter ein flott kveld og natt på Hafslo. Etter ca fire timar var me ute i havgapet og skoddelandet! No skulle me tilbringe to dagar på campingplassen og i vatnet på Stadlandet. Været var ikkje prima surfevær, men moro hadde me det likevel, og eg har virkeleg fått smaken på denne sporten!!!! Me var heldige å kome til "ekstra bra tilbod-dagen" etter endt jentesurfe-camp, og fekk instuksjon med på kjøpet! No har eg att ca 90 surfedagar før eg kan kalla meg ein surfar (dei seier nemleg at det tek ca tre mnd å lære seg å surfe!), eg er i gang!!! :) Ha ein fortsatt god somar alle saman! 

07/02/2005

Snart update!!

ja ja. da gaor litt seint i svingane her pao bloggen min for tiden. ha litt plasssproblema, so derfor ha da ikkje vore nåke spandane innpao her. so snart so eg faor tid og lyst, so kjemma da ei skikkle oppdatering! ellers so lure eg pao ke folk tykkkje om at eg skrive sånn halvveges pao dialekt. e da bedre om eg skrive nynorsk, elle kanskje endao breiare.....forstaor di da???? ønskjer tilbakemelding pao da, da haddde vore kjempeflott! og dao mao gjedna skye sogninga komma me ein innputt og!!!

god sommar so lenge. no ska eg pao kinarestaurang å sjao om da e nåke liv i bygdi pao ein tidle laurdagskveld!!!

06/14/2005

Det er håp for eit aktivt liv i somar!!

Ja, no e d ei stund sia sist oppdatering, og grunnen er vel at det ikkje skjer so mykje spanande i livet akkurat no. Det er jobbing som står på programmet, og ellers så les eg avisa, og prøver å oppdatere meg litt....har ein del år å ta att!!! men når det gjeld nyhende på det lokale planet, er eg i rett jobb! ingen plass er det betre tilrettelagt for litt sladdersnakk enn i heimesjukepleien!!!!

Men i går skjedde den store happeninga.... (va jo kjempekjekt å treffe Ann Kristin att i helga og då, d må ikkje gløymast!!!) EG tok det store steget ut og blei med Per Sigve og kameratane på fotballsparking i den nye ballbingen på Kvåle (sponsa av Eirik Bakke!). Eg, klemstra mellom 17 guta, måtte no syne dei at eg ikkje va heilt malplassert. Mot 195 m høge Niels so e d ikkje hjelpi med ein hovudduell, men ellers so høyrde eg i bakøyert etter økta at d hadde vore ei skikkle bra økt, så eg trur ikkje eg øydela for mykje..... Moro va d no i allefall, og litt blåmerker høyrer med. Kanskje eg blir fast inventar på mandagsøktene i sommar??!!!
Og ikkje berre det, men i dag so kjem mi føste uteklatringsøkt i Sogndal! d blir kjekt, men mogleg litt kaldt! nO ser det ut til at mitt aktive liv ska bli redda i sommar:)

Om sommaren så langt e d to ord eg vil spandere:
NEDTUR!!!
DRITVÆR!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

06/01/2005

Gratis!!

Sjekk ut www.gjerringknark.com!!! der har dei alt av ting som e gratis! I dag testa eg ut ein ting!!! Konsert utanfor Verftet, med Big Bang, Magnet og nåkre ganske bra lokale band...... GRatis! og eg fekk og T-skjorte, rosa, med p3-session på- GRATIS! og d va kjekt!! no ska eg sjekkka ut ke anna eg kan gjera eller få -gratis!!!

23:39 Posted in reklame | Permalink | Comments (0) | Email this

SÆDALEN

Første reklame går til ein kant av byen som eg ikkje oppdaga før eg og turid gjekk oss "ville" på tur ned frå Ulriken. Sædalen!!!!! var der i dag og, eg og min kjære, snart x-sambuar Sølvi. D e som å kome ut på landet, fuglekvitter, blomar, grønt gras, stiar og grusvegar...d finn du ikkje på torgalmenningen! Og Kongen over Sædalen bur der, i Bergen(dals)gårdet! og der har dei hane, slik som seier kykelyky!! Fint for turgåing, sykling, jogging og klatring- dei har og klatrevegg der!!!!

23:25 Posted in reklame | Permalink | Comments (0) | Email this

1 2 Next